Kommunesamanslåing

Kommunestyra i Stranda og Sykkylven forhandla vinteren 2019/20 om samanslåing. Forhandlingane førte fram til semje om ein intensjonsavtale.

Uavklara situasjon kring arbeidsgivaravgifta gjorde at det ikkje vart ført vidare forhandlingar i 2020 om samanslåing.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan inneholde utdatert informasjon

Forhandlingsmøte 20.februar 2020 og ny intensjonsavtale

Utvala møttest til forhandlingar om ny intensjonsavtale den 20.februar. Utvala vart samde om nokre justeringar av avtalen.
Spørsmålet om nye satsar for arbeidsgjevaravgift er eit viktig punkt for begge forhandlingsutvala, og vidare prosess avhenger av ei avklaring på dette punktet.

Felles kommunestyremøte 7-8.november 2019 

Kommunestyra i Stranda og Sykkylven møttest til felles møte 7-8.november 2019. Møtet var eit ledd i utarbeiding av ny intensjonsavtale mellom kommunane. Gjennom drøftingar og grupperabeid kom det fram mange innspel til endring av føreliggande avtaleutkast.

Siste om arbeidsgjevaravgifta

Arbeidsgjevaravgift er eit avgjerande spørsmål i prosessen. Stranda kommune har i dag 10,6% medan Sykkylven har 14,1%. Dagens satsar og geografisk inndeling gjeld ut 2020. Ordninga er under revisjon. Siste informasjon frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) er at Europakommisjonen legg opp til å forlenge regelverket tilnærma uendra i to år, dvs ut 2022.  Om forlenginga vert vedteken vil regjeringa vurdere å søkje å vidareføre eksisterande ordning med differensiert arbeidsgjevaravgift desse to åra. Ved vidareføring av eksisterande ordning vil KMD også utsetje arbeidet med revisjon av områder for differensiert arbeidsgjevaravgift. 

Forhandlingsmøte 1.november 2019

Første møte for dei nye forhandlingsutvala var 1.november. Møtet var i hovudsak ei førebuing til felles kommunestyremøte i Geiranger 7-8.november 2019.

Nytt forhandlingsutval

I konstituerande kommunestyremøte 30.09.19  vart det valgt følgjande nytt forhandlingsutval:

   Odd Jostein Drotninghaug, vara: Therese Utgård

   Birgitte S Bonesmo,  vara: Jarle Strømmegjerde

   Ove Bjerkan,  vara: Anne-Kari Aamodt

   Odd Arne Eidem, vara: Odd Krüger

   Leonhard Vårdal,  vara: Eldar Høidal

   Anne Karin Watters,  vara: Hans Petter Sørensen

   Svein Tore Sørgård,  vara: Nina Ulstein

 

Frå utvalet vart følgjande medlemmar valgt til å føre ordet i forhandlingane:

   ordførar Odd Jostein Drotninghaug

   varaordførar Birgitte S Bonesmo

   Svein Tore Sørgård

Vara: Anne Karin Watters. Ved behov for fleire vara vert det supplert frå møtande medlemmar i forhandlingsutvalet.

 

Ny intensjonsavtale

Forhandlingsutvala frå forrige valperiode hadde eit siste møte den 24.9.19.  Referat frå møte finn du her. (PDF, 153 kB)

Etter tre forhandlingsmøte har utvala samla seg om følgjande  utkast til ny intensjonsavtale. (PDF, 248 kB)  Denne intensjonsavtalen vert levert til nye dei nye forhandlingsutvala etter valet.

 

Forhandlingsutvala hadde sitt andre forhandlingsmøte 26.august 2019.  Referat frå møte finn du her. (PDF, 48 kB)

Forhandlingsutvala til Stranda og Sykkylven hadde første forhandlingsmøte om ny intensjonsavtale 16.august 2019.

 
_____________________________________________________________________

Kva skjer med arbeidsgivaravgifta ved kommunesamanslåing?

Fylkesmannen viser til eit innlegg på KS sine nettsider som svar på spørsmålet.  I korte trekk er svaret at kommunane får vidareført sitt avgiftsnivå fram til 31.desember 2020, sjølv om ein slår saman kommunane før den tid. Frå 1.januar 2021 vil den nye kommunen bli handsama som ein kommune, og utfallet av nye satsar er enno ikkje klart. I og med at ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift skal reforhandlast med verknad frå 1.1.2021, er resultatet like uvisst anten ein slår saman kommunane eller ikkje. Det same gjeld kommunar som slår seg saman lengre fram i tid. 

____________________________________________________________________

Felles kommunestyremøte med Stranda 27.juni 2019

Den 27.juni 2019 var det eit felles arbeidsmøte for begge kommunestyra. 

 

___________________________________________________________________

Forhandlingsutval 

Sykkylven kommunestyre vedtok den 27.08.2018 å ta opp att drøftingar med Stranda kommune om samanslåing. Stranda kommunestyre gjorde tilsvarande vedtak den 26.09.2018. 

Begge kommunane sette ned forhandlingsutval der alle politiske partia er representert. 

Fram mot kommunevalet er det eit mål å lage eit best mogleg utkast til ny intensjonsavtale, som  dei nye kommunestyra kan arbeide vidare ut frå.

Det skal vere ein open prosess. Det er politikarane som forhandlar, men tillitsvalde og rådmenn i begge kommunane vil følgje forhandlingane.

Medlemmar i Sykkylven kommune sitt forhandlingsutval og organisering av forhandlingane går fram av vedtak i kommunestyret den 17.06.2019.